Spansk bussjåfør måtte kvile

Ein spansk bussjåfør må ta nesten to døgn pause, og vart meld for manglande vekekvil under tungbilkontroll Statens vegvesen helst på Nordfjordeid måndag.

Sjåføren hadde gjennomført to reduserte vekekviler, men den siste vekekvilen skulle vore på 45 timar og det hadde den ikkje vore.

Sjåføren vart pålagt å kvile i 45 timar, og får ikkje køyre vidare før denne er gjennomført. Kva passasjerane måtte gjere melder vegvesenet ingenting om.