Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) måtte svare på kvifor regjeringa ikkje aukar løyvingane til flaum- og skredsikring i Stortingets spørjetime onsdag. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix.

Sp krev svar om manglande flaumsikring

Mens flaum herjar i delar av Noreg, gjer regjeringa ingen konkrete grep for å hindre framtidige skadar, meiner Senterpartiet. 


I Stortingets munnlege spørjetime onsdag ville Sps Ole André Myhrvold vite kva forklaringa er på at regjeringa ikkje tar dette innover seg.


I det reviderte statsbudsjettet som vart lagt fram tysdag, er det ikkje løyvd ei krone ekstra til sikring mot ras, flaum og skred, trass i at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner det trengst 200 millionar kroner i ekstra satsing kvart år dei neste fire åra for redusere faren for tap av menneskeliv og skadar på busetnad og infrastruktur.


– Forsikringsbransjen fryktar at utbetalingane etter flaumen i år vil overstige ein halv milliard kroner, og dette er ikkje unntaket. Dette er den nye verkelegheita. Dette problemet går ikkje over, konstaterte Myhrvold.


– Regjeringa har meir enn dobla løyvinga til ras- og skredsikring i førre fireårsperiode i forhold til den raudgrøne regjeringa, repliserte olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).


Han meiner at eit forbetra varslingssystem allereie har gitt resultat.


– Vi er samde med NVE om at vi må forvente meir flaum og skred i åra framover, seier Søviknes, som antydar at det kan komme meir pengar i budsjettet for 2019.


Lars Haltbrekken (SV) minte Søviknes om at han sjølv har erkjent behov for meir pengar til flaumførebyggjande tiltak, samtidig som regjeringa ikkje har auka løyvingane i år.


– Det tar tid for NVE å planleggje og gjennomføre tiltak. Det var ikkje naturleg for regjeringa å legge inn ekstraløyvingar i år fordi det ikkje har vore nokon ekstraordinære situasjonar, seier Søviknes. (©NPK)