Austrheim Mannskor baud på ein flott konsert og laga feststemning.

Songglade menn laga fest i kultursalen

Austrheim Mannskor laga feststemning i kultursalen laurdag då dei inviterte til konsert i lag med sine gode støttespelarar. Kvelden vart ein hyllest til Ragnar Sande, som hadde laga tekstane til alle songane som vart framført. Også hovudpersonen gleda seg over det han fekk høyre.

Han har vore andretenor i Austrheim Mannskor i fleire tiår, og er æresmedlem i koret. Laurdag kveld sat Ragnar Sande på fremste rad i kultursalen og kunne glede seg over å høyre eit mannskor i storslag.

Tekstar som står seg
Eitt år med planlegging, pugging av songtekster, øving og førebuande konsertar i fleire grendehus vart avslutta med ein finale i kultursalen.
Ragnar Sande tok til i Austrheim Mannskor i 1956. På 60-talet byrja den songglade språklæraren å skrive nye songtekstar til kjende melodiar, til stor glede for alle som var med i koret. 14 songar stod på repertoar då songdiktaren og mannskormannen vart heidra i kultursalen laurdag.
– Dette er songtekstar som står seg, slo Margot Sande fast.
Saman med Ove Eide, løfta ho fram fleire sider ved 97-åringen – den leikande skribenten, humoristen, språkrøktaren og rettleiaren. Ragnar Sande er opptatt av at vi må vere tru og lojale mot språkarven vår, ikkje minst i bruken av lokale stadnamn.

Målprisen

– Gjennom aktiv bruk styrkjer vi det nynorske språket. Det har Ragnar Sande bidrege til. Vi i Gloppen Mållag vil gjerne takke deg for det du har gjort for nynorsken, sa Hege Lothe, då ho delte ut Målprisen 2015 etter konserten.
– Det er så altfor mykje. Eg har vore passiv medlem i mållaget, men eg har vore målmann all mi tid. Dette var ikkje fortent, men det var veldig kjekt.




Les meir i papirutgåva

På vegner av Gloppen Mållag delte Hege Lothe ut målprisen til Ragnar Sande.