Strandhatt. Eit av Liz Ravn sine digitale bilete.

Sommarutstilling på Jølstramuseet

Kunstformidlar og ordkunstnaren Fridtjov Urdal vil også i år opne sommarens salsutstilling i Jølstramuseet.

I tillegg vil multikunstnaren Elling Reitan spele gitar og synge Bob Dylan. Nokre av kunstnarane vil vere til stades og vil fortelje litt om kunsten sin.

– Jølstramuseet si nye sommarutstilling vert dominert av digitale bilete av Liz Ravn, men vi har også nye måleri av våre trufaste utstillarar som Roy Andreas Dahl, Tor Olav Foss, Frøydis Aarset, og ikkje minst nye bilete av Elling Reitan og dottera Oda Victoria, i tillegg til sonen Oscar som er spesielt oppteken av pop art, fortel Eivind Fossheim.

Ein får også eit gjensyn med Inger Hoff og hennar vakre akvarellar, og igjen vil ein finne humoristiske teikningar av Oddvar Torsheim, samt fleire måleri av vår kreative lokale kunstnar Astrid Wittersø. Roald Tellnes er tilbake med grafiske trykk, og også i år har ein fått eit vakkert biletteppe av Brit H Fuglevaag, ein av landets beste tekstilkunstnarar.