Martin Hamre. Arkivfoto.

Solid vekst for Extra Sandane

Extra Sandane hadde eit nytt godt år i 2017, med nesten ti prosent vekst og ei omsetning på 65 millionar kroner.


Dette skjer etter rekordåret 2016, då dei vart Årets butikk i Coop Vest. Etter å ha gått frå Mega til Extra, hadde dei i 2016 ein auke i omsetninga på 40 prosent, frå 43 til 59 millionar kroner. Den gode utviklinga for Extra Sandane heldt fram gjennom fjoråret.

– Ja, det var vel ingen som trudde at vi skulle vekse så mykje på så kort tid. Vi ligg godt føre prognosane, seier butikksjef Martin Hamre.

Han trur at lågpriskonseptet med eit stort utval har vore avgjerande.

– Sjølv om ein del nok kan sakne ferskvaredisken, trur eg prisane på Mega generelt vart for høge i høve til konkurrentane. På ein liten plass som Sandane med fire matvarebutikkar, vil pris alltid vere viktig for kundane, seier Hamre.

Han peikar også på at nærreist mat har slått godt an i Gloppen.

– Lokalmat har vorte veldig populært, og det tykkjer vi er ekstra kjekt.

Stor bedrift i Gloppen

Coop Vest har til saman fire butikkar i Gloppen, og administrerande. direktør Geir Espe peikar på at dei faktisk er ei av dei store bedriftene i kommunen.

– Eg brukar av og til Gloppen som eit døme på at vi er ein stor og viktig aktør rundt om i kommunane. Her har vi Extra på Sandane, Coop Marked på Reed, Prix og Bakar Jon på Byrkjelo. Til saman har vi 75 tilsette i Gloppen. Der var 600.000 betalande kundar i våre butikkar i kommunen i 2017, som sytte for ei omsetning på 121 millionar kroner til saman. Vi er, med andre ord, ei av dei store bedriftene i Gloppen, og slik er det i fleire andre kommunar, slår Espe fast.