Edgar Kvernevik har søkt kommunen om å få gå vidare med cruiseplanane.

Søkjer kommunen om løyve til å gå vidare med cruisekai

Edgar Kvernevik har framleis tru på planane om cruisekai på Sandane. No søkjer han kommunen om løyve til å gå vidare med prosjektet.

Edgar Kvernevik lanserte planane om cruisekai første gong i juni for fire år sidan. Planane resulterte m.a. i at Gloppen kommune sette ned ei gruppe som skulle undersøkje og konkludere om cruise er noko å satse på.

Cruisegruppa, leia av Nils R. Sandal, konkluderte med at cruise bør bli eit satsingsområde då rapporten vart lagt fram i februar i fjor. Seinare same månad vart cruise drøfta i formannskapet utan at det vart trekt nokon konklusjon eller gjort vedtak, men det var brei politisk semje om at private aktørar måtte kome på bana.

Kommunen vende seg til Gloppen Næringsorganisasjon som omsider melde tilbake at GN ikkje har ressursar til å ta saka vidare. Slik stogga det kommunale arbeidet med cruise opp.

Men i Firda Tidend 13. januar i år skreiv vi med referanse til rådmann Jan Kåre Fure at Kvernevik Engineering AS hadde kome med eit privat initiativ i saka før jul.

Les meir i papirutgåva onsdag.