Festivalsjef Arve Kleppe ser fram til festival og konstaterer at dei ivrigaste gjestene kom allereie søndag for å sikre seg dei beste plassane på campingen.

Snart kjem cowboyane

Det nærmar seg start for Norsk Countrytreff i Breim og søndag var dei første campingvognene på plass for å stille seg i campingkø.

Onsdag ettermiddag opnar portane, så dei første gjestene må altså vente i tre døgn før dei kjem inn på festivalområdet.
-Dei får no styre på, seier festivalsjef Arve Kleppe om dette årvisse køfenomenet.

Allsidig program
– Eg meiner vi har eit breitt og svært godt program reint musikalsk. Årets festival blir veldig bra. Eg gler meg stort, og håpar på fint vêr og stor oppslutnad om dei mange konsertane våre, seier festivalsjefen som kan vise til ei blanding av gamle travarar og nye namn når det gjeld årets countrytreff.

– Blir eit eventyr
Hovudtrekkplasteret laurdag er Ben & Noel Haggard. Dei står på scena i lag med bandet til faren, The Strangers.
– Dei blir eit eventyr å høyre på. I tillegg får vi høyre Sam Outlaw og Staut denne kvelden. Desse spelar også under kyrkjekonserten laurdag. Nytt av året er at publikum kan tinge plassbillettar til kyrkjekonserten på førehand. Dermed slepp dei å stå i kø for å sleppe inn i kyrkja, fortel festivalsjef Kleppe, og legg til at årets kyrkjekonsert blir flott.