Snakka nokon om å vere rause?

Hugsar vi ikkje heilt feil, var det nokon som for ei tid sidan snakka om at kommunane måtte vere rause om det skulle bli noko praktisk og konkret resultat av arbeidet med kommunereforma. Det galdt ikkje minst dei store som ville få dei klare fordelane med ei samanslåing av fleire kommunar. Ein måtte vere rause og sjå til at også dei andre fekk ein bit av kaka, så kunne det bli vinst for alle. Men dette er å tru på julenissen, når det spissar seg til og alvorets time nærmar seg, er det også slutt på dei gode orda og festtalane. Då er det andre krefter som rår.

Det er dette som no viser seg fram i den prosessen både Gloppen og Jølster kommunar har vore med på når det gjeld ein storkommune i Sunnfjord. Dersom ein i det heile skal sjå mot andre kommunar, har vi vorte meir positive til alternativet mot sør og Sunnfjord den siste tida. Dette først og fremst på grunn av det katastrofale E 39-vedtaket som har øydelagt for ein større kommune i midtre og indre Nordfjord. I tillegg har det kosta fylkeskommunen 400. mill. kroner i opprusting av indre. Skal Gloppen nordover, må ein ha ei bru over Anda-Lote, så enkelt er det. Bru vil der garantert bli ein gong, og vi kan berre håpe på at det gode vedtaket om ferjeavløysingsmidlar no kan skyte fart i bruarbeidet, slik Svein Ottar Sandal i bruselskapet teiknar biletet i dagens avis.

Elles trudde vi faktisk at ein i Sunnfjord meinte noko med å invitere Gloppen med, men det som kjem no er som Gloppen-ordførar Ryssdal heilt rett påpeikar, berre for smular å rekne. Vi har lese intensjonsavtala, og det er tynn suppe. Det er ingen tvil om at her er alt tenkt plassert i Førde, pluss nokre småbitar til Flora så dei heldt munn, så skal resten berre bli marionettar under Førde. Dette er svært skuffande. Dersom ein verkeleg ville ha Gloppen med, kunne ein t.d. sagt noko om at her skal det kulturelle tyngdepunktet, pluss senter for landbruk og energi, område ein alt er best på i dag. Her kunne Firda vgs og SFE vere viktige motorarar.

I staden ligg der ingen ting, absolutt ingen ting i det som no er presentert. Dette gjer at ein kjenner seg både snytt og skuffa. Intensjonane til dei som har snikra saman dette grunnlaget, er berre å gjere Førde større og sterkare, for dei andre er der ikkje noko å hente. Tre bein gjev ein stødigare konstruksjon enn eitt bein, men då må det skje heilt andre ting i dei vidare forhandlingane. Det trur vi kanskje ikkje så mykje på, for no har det sanne andletet begynt å kome fram og det er ikkje like vakkert for alle.

Om det ikkje skjer noko nytt, er det mykje som tyder på at Gloppen er på veg ut av Sunnfjord-prosessen, og truleg vil det gjelde fleire, etterkvart som innhaldet går opp for dei og folk for alvor stiller spørsmål om kva dei eigentleg får igjen. Det gjenstår å sjå. Vi trur heller ikkje forhandlingane vidare i Nordfjord blir spesielt enkle, så kanskje endar det til slutt opp med Gloppen og Eid i nære samtalar i første omgang.

Men i så fall må brusaka løysast, og det kjapt.