25 bøker, 6584 sider og 33,6 kg med stoff og bilete frå Sogn og Fjordane er resultatet etter 25 år med «Årboka for Sogn og Fjordane». Henning Rivedal og Atle Hellevik gav ut bøkene frå 1993 til 2007 på Alden Forlag. Dei siste ti bøkene er gitt ut på Selja Forlag. Frå venstre Stig Roger Eide (redaktør for sportsdelen), Torkjell Djupedal (forleggjar i Selja Forlag), Torbjørn Rørvik (redaktør for dei siste ni bøkene), Henning Rivedal og Atle Hellevik (begge Alden Forlag).

Slutt for "Årboka for Sogn og Fjordane"

6584 sider og 33,6 kg med artiklar og bilete frå Sogn og Fjordane er resultatet etter 25 år med «Årboka for Sogn og Fjordane». No kjem den siste boka, og med det vert det sett punktum for eit unikt bokprosjekt, skriv Selja Forlag i ei pressemelding. 

– «Alt har ein ende, unntatt husarbeid og helvetes pine», sa Einar Førde ein gong. «Årboka for Sogn og Fjordane» sorterer korkje under husarbeid eller helvetes pine, så vi har vore innstilte på at eventyret ein gong måtte ta slutt. No set vi punktum ved 25 bøker, seier årbokredaktør Torbjørn Rørvik og forleggjar Torkjell Djupedal i Selja Forlag.

«Årboka for Sogn og Fjordane 2017» er bygd på same lest som dei tidlegare bøkene og inneheld ei fyldig oppsummering av det lokalavisene har fortalt om livet i Sogn og Fjordane i året som har gått. Som vanleg opnar kavalkaden med å presentere årets nyttårsbarn i fylket. Vi får møte dronning Sonja som opnar Loen Skylift, og blir med på opninga av eitt av verdas største datalagringssenter som held til i ei nedlagd gruve. Vi vert også oppdatert på utviklinga innanfor region- og kommunereforma.

Sterke menneske med imponerande prestasjonar får brei merksemd i boka. Her møter du dei som kjempar om edelt metall fjernt og nært, og dei som trass i ulike utfordringar viser stort pågangsmot og imponerande styrke i kvardagen.

Faktadelen inneheld spennande talmateriale om folkesetnad, politikk, kultur og sport. Boka har over 500 bilete og eit namneregister med nær 1000 namn.

«Årboka for Sogn og Fjordane 1993» var den første boka i serien. Ho kom til etter at Henning Rivedal og Atle Hellevik hadde fått ein spenstig idé.

– Vi tok utgangspunkt i bokserien «Det hendte» og strikka det om til ein lokal variant for Sogn og Fjordane. Årbøkene er ei genial oppfinning som tek pulsen på Sogn og Fjordane gjennom 25 år. Dei er skrive i tida, om tida, for framtida, seier Henning Rivedal.

Han og Hellevik styrte årbokskuta gjennom Alden forlag dei første 15 åra. Frå 2008 tok Selja Forlag over Årboka, med Helga Didrikke Sundal som redaktør første året. Sidan 2009 har Torbjørn Rørvik vore redaktør.

Skiløparen og medaljegrossisten Odd-Bjørn Hjelmeset har vore eit «nasjonalsymbol» for Sogn og Fjordane og er den einaste personen som er nemnt i alle dei 25 årbøkene. Kvart år har Årboka omtalt kring 1 000 ulike personar. Samlar vi dette opp gjennom 25 år og trekker frå gjengangarar, så har omlag 15 000 personar vore omtalt. Det vil seie at nesten alle i fylket vil finne seg sjølv, ein slektning eller ein nabo i ei årbok. Det omfattande namneregisteret ligg på heimesida til Selja Forlag, der du kan sjekke sjølv.

– Denne serien er unik i Noreg. Ingen andre har eit tilsvarande verk som oppsummerer kva som har skjedd år for år i fylket. Dette er minnebøker som viser utviklinga i Sogn og Fjordane dei siste 25 åra. Og bøkene har blitt til takka vere lokalavisene og journalistane der. Nesten utan unntak har dei latt oss få fråtse i arbeidet som dei har fylt avisspaltene med. Vi håpar at dei tykkjer det er kjekt at mange av tekstane og bileta deira har fått eit meir «evig liv» i bokform enn det dei opplever gjennom avissidene, seier Djupedal.