Ragnhild Sæle er svært imponert over geitehaldarane som har rusta næringa for framtida. Fagkonsulent Johannes Nedrebø opplyser at Nortura prøver å løfte kjekjøt fram som ein ressurs overfor matkjedane.

Slett ikkje kje-deleg med kjekjøt på menyen

- Ingen dyrehaldarar har imponert meg meir enn geitebøndene. Dei har sanert og starta opp att med nye dyr. No er geitenæringa rusta for framtida, seier Ragnhild Sæle.

Ho er leiar i Sogn og Fjordane Sau og Geit i tillegg til at ho er leiar i Jølster Sau og Geit. Tidlegare i denne veka inviterte Breim Sau og Geit i samarbeid med Agro Business Park til eit festmåltid med kje på menyen. Til stades var det fagfolk, geitehaldarar og ikkje minst fleire hotellkokkar.

Selje inn

For no gjeld det å ”selje inn” geit og ikkje minst kje som kjøtressurs. Derfor diska sjefskokken ved Gloppen Hotell, Bodil Fjellestad Eikrem, opp med eit festmåltid ein skal leite lenge etter.

– For meg er geita spesiell fordi ho er ein så lokal ressurs. Geit var noko av det første eg sette på menyen då eg kom tilbake til Gloppen, seier Bodil. Ho vedgår at ho var skeptisk til geitekjøt i starten, men det er snudd.

– Geitekjøt er møyrt og godt. Smaken er blitt mildare og mykje betre enn tidlegare. Her har det vore ei stor forbetring, og kjekjøtet er ein favoritt, seier Bodil. Ho peikar og på det positive i at det er kome fleire nye ostar og andre produkt basert på geit.

Les meir i papirutgåva fredag.