Slåstkampar og utforkøyring

Politiet i Sogn og Fjordane har ordna opp i fleire slåstkampar i løpet av natta.

Her er eit utdrag frå politiloggen:

04:40 Førde. To menn i slutten av 20-åra i slåskamp utanfor ein utestad. Vakter på staden og ein vektar greip inn, vektaren blei angripen.

03:43 Førde. Tre menn, to av dei i slutten av tenåra, den tredje i 20-åra blei viste bort frå sentrum på grunn av ordensforstyrringar.

03:30 Førde. To menn i 20-åra bortviste frå Førde sentrum på grunn av ordensforstyrringar.

03:56 Olden. Politiet rykte ut på bakgrunn av at to menn i høvesvis 20- og 30-åra var i konflikt med kvarandre. Saka blei løyst på staden.

02:38 Sogndal. Slagsmål utanfor ein serveringsstad. Patrulje rykte ut. To menn i 20-åra involverte. Politiet vil følgje opp saka vidare.

01:35 Florø. Trafikkulukke i Firdavegen. Ein bil køyrde ned skilt, gjerde og hekk. Store skader på bilen, ingen personskade.

02:26 Førde. Melding om rusa person som hadde lagt seg i vegen. Patruljen fann vedkomande, ein mann i 30-åra, sytte for å få han i hus.

01:38 Førde. Slagsmål på utestad i Førde. To menn i 20- og 40- åra involvert. Ingen blei skada. Patruljen bad dei forlate sentrum.

00:12 Sogndal. Mann i slutten av tenåra teken for drikking på offentleg stad. Blir meld, sa seg villig til å vedta eit forelegg.

23:52 Førde. Klage på bil som køyrde fort i Førde sentrum. Patrujen fann og stogga bilen. Førar, ein mann i 20-åra, fekk munnleg åtvaring

00:10 Førde. Patruljen kom over ein bil på Bergum som var kravd avskilta på grunn av at han ikkje var omregistrert. Skilta blei klipte.

00:04 Førde. Patruljen avskilta ein bil som stod parkert på Festplassen, Han mangla trafikkforsikring.

00:15 Florø. Patruljen kom over ein bil parkert som manglar trafikkforsikring. Skilta blei klipte på staden.