Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   – Skuffande at vi ikkje får halde fram

Mottaksleiar Halvard Avdem. Arkivfoto.

– Skuffande at vi ikkje får halde fram

– Vi skal drive ut november, det er alt vi veit, seier mottaksleiar Halvard Avdem.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først melde at UDI har vedteke å legge ned mottaket for einslege, mindreårige asylsøkjarar på Skei. Mottaket er eigd av Norsk Mottaksdrift.

– Vi fekk vite det for to timar sidan. I morgon offentleggjer UDI kva mottak som blir lagde ned landet over, seier Halvard Avdem.

Han fortel at alle dei 16 tilsette er informerte:

– Folk er skuffa, men ikkje overraska. Flyktningstraumane er blitt mindre det siste året, men vi hadde håpa å få drive ut kontraktstida. Vi har kontrakt ut april neste år.

Mottaket på Skei vart oppretta i 2015 og har no 22 bebuarar.