Fjordane tingrett.

Skubba politibetjent – må sone

Ein sunnfjording tidleg i 20-åra er dømd til 18 dagar i fengsel etter mellom anna å ha dytta ein politibetjent.

Hendingane som fann stad i Florø sentrum natt til søndag 27. mars 2016, førte til at mannen måtte svare for i alt fire tiltalepunkt i Fjordane tingrett: ordensforstyrring, unnlating av å rette seg etter pålegg frå politiet, vald mot offentleg tenestemann og lekamskrenking.

To stader i Florø sentrum kom tiltala, som var rusa, i klammeri med andre personar og prøvde å slå til desse. Han fekk pålegg av politiet om å forlate sentrum fram til klokka 08.00, men dette retta han seg ikkje etter. Han gjekk nokre få meter, stoppa og kom i snakk med ein annan person. Politibetjenten gjorde då merksam på at dette var siste sjanse. Tiltala ropte «ta meg», gjekk opp i politibetjenten sitt ansikt og heldt fram med å rope.

Tiltala blei lett skubba vekk av politibetjenten, før han nok ein gong kom mot den offentlege tenestemannen og dytta han bryst mot bryst slik at denne måtte ta to skritt bakover for ikkje å falle.

I Fjordane tingrett sa tiltala seg ikkje skuldig etter tiltalevedtaket, men retten har kome fram til at både dei objektive og dei subjektive vilkåra for straff er oppfylte for alle tiltalepunkta.

Retten meiner 18 dagar i fengsel er ei høveleg straff. Dette er i tråd med aktor sin påstand. Aktor ville òg idømme sakskostnader, men dette vart avvist av retten på bakgrunn av at tiltala ikkje har inntekt utover studielån og -stipend.