Jølster Skisenter opnar i morgon, søndag. -Det vert gratis køyring, seier dagleg leiar Even Hole.

Skientusiastane kan glede seg

Jølster Skisenter opnar i morgon, Breimsbygda Skisenter tysdag kveld.

-Vi har trakka ned bakken og vil opne for gratis køyring i morgon, seier dagleg leiar i Jølster Skisenter, Even Hole. Det blir med andre ord rekordtidleg opning av skianlegget dette året etter ein fjorårssesong som aldri kom skikkeleg i gang.

Våt og tung snø

-Vi har allereie fått meir snø i år enn vi hadde i heile fjor, seier Even. Snøen er rett nok våt og tung og ligg på eit vått underlag.

-Den snøen trakkar vi ned i 400 meters lengde til 20 cm djupne. Utanfor løypa er det bortimot 60 cm. Det er utruleg viktig med tanke på at vi slepp lage kanonsnø, seier Even. Det er både tidkrevjande og kostbart.

No satsar dei på at det vert nokre minusgrader slik at det vert ein fin sôle i nedrennet og tek sjansen på opning søndag. Som ein gest til dei som kjøpte årskort i fjor og fekk lite glede av investeringa, vert det gratis køyring.



Opnar tysdag kveld

-Vi opnar tysdag kveld, seier driftsleiar i Breimsbygda Skisenter, Runar Kleppe. Han har site i trakkemaskinen fleire timar både i går og i dag.

-Det er laussnø på vått underlag. Defor treng vi litt kulde, men vi har tilstrekkjeleg snømengde. No nyttar vi sjansen og trakkar døgnet rundt, seier han. Måndag vert bakken sikra, og tysdag kveld startar sesongen.

Breimsbygda Skisenter har tidlegare i år montert snøfangarar på strategiske plassar i løypa.

-Dei har allereie tent seg inn att. Det var veldig kjekt å sjå kor godt dei har fungert, seier Runar og fortel at der dei tidlegare måtte hente snø, er det no fanga så rikeleg at det er eit depot dei kan hente snø frå.

Det vert sesongstart tysdag kveld på Utvikfjellet.