Vêret var ikkje ideelt verken for hest, mann eller stemninga under julemarknaden på museet, men mange fann vegen. Tilbodet om å køyre med hest og vogn var populært. Stall Rygg og Morten Rygg gjekk i skytteltrafikk.

Skapte julestemning på gamlemåten

Søndag var det julemarknad på Nordfjord Folkemuseum. Vêrgudane var ikkje på arrangørane si side, men triveleg var det likevel.

For tredje gong inviterte museet på Sandane til julemarknad. Julepynta hus, salsbuer, servering og ulike aktivitetar ute og inne var ingrediensane i ein kjekk dag. Og til slutt dukka sjølvaste nissefar opp…





– Fin museumsdag

– Vi har gjort nokre endringar i forhold til tidlegare. Mellom anna er alle salsbuene samla i Frislidlada for å skape den gode stemninga der. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar på dette – både frå deltakarar og publikum, fortel avdelingsdirektør Anne Kristin Moe.

Dei føregåande åra har julemarknaden vore på ein laurdag. I år fall valet på søndagen.

– Søndag er ein fin museumsdag, det er meir ro og stemning over den dagen. Då har ein tid til å gjere ting i lag med familien, og ein har ikkje den same konkurransen frå andre tilbod, seier Moe.





– Må spele på det historiske

I mylderet av julemarknader meiner ho det er viktig at Nordfjord Folkemuseum fokuserer på museet sin særeigenheit.

– Vi må spele på det historiske og vil fortelje om tradisjonar frå ulike tidsepokar, seier Moe og slår fast at det blir julemarknad også i åra som kjem:

– Marknaden er komen for å bli – både for å formidle kulturhistorie og for å gje publikum førjulsstemning. På litt sikt ønskjer vi å ha fleire aktivitetar og pynte husa meir, mellom anna håpar eg det blir juletre i Moritsstova neste år, seier ho og fortel at det budde folk i den gamle stova frå Sørstranda heilt til på 1920-talet – etter at skikken med juletre hadde nådd bygdene i Nordfjord.

Hilde Buer og Sørværet Villsau frå Værlandet selde ulike villsauprodukt.
Knut-Ove Henden freista å selje naturfotografi han sjølv har teke. Prospektkorta var mest populære, fortalde han.
I det gamle skulehuset frå Austrheim skreiv Thea (t.v.) og Laura Kirketeig frå Sande i Sunnfjord julekort på gamlemåten – med blekk.
I Moritsstova fortalde konservator Ingrid Berger eventyret om Snekker Andersen og Julenissen. Stova var pynta til jul slik ho var i riktig gamle dagar.
Ståle Fitje, Margret Sande og Aslaug Nesje Bjørlo selde lokal litteratur, høvesvis Årbok for Nordfjord, Ljøren og Jul i Nordfjord.
Britt Kleppe og barnebarna Eline (5) og Edvin (3) kosa seg med å lage julepynt.
Lyslekkjer bidrog til å skape stemning mellom dei gamle husa.
Juletreet i eldfast bygg – sjølvsagt ei furu, var pynta med tradisjonell pynt.