Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Skal renoverast

Arbeidet med å rette opp og renovere gamle Gimmestad kyrkje kan starte til våren. Arkeologisk undersøkingar fann ikkje automatisk freda fortidsminne i grunnen rundt kyrkja.

Skal renoverast

Gamle Gimmestad kyrkje skal renoverast for 1,5 mill. kroner. – Vi kan starte arbeidet til våren. Det er vi glade for, seier kyrkjeverje Kurt Djupvik.

Den over 300 år gamle trekyrkja på Gimmestad har lenge vore prega av tiltakande forfall. Norsk Institutt for Kulturminneforsking (NIKU) har undersøkt kyrkja og slått fast at tilstanden er dårleg.

Har sige

NIKU peikar på store høgdeavvik på golvet som følgje av at grunnmuren har sige. Derfor er det nødvendig å undersøkje fundamenteringa under ytterveggene og sikre grunne betre mot ytterlegare siging.

Sidan gamle Gimmestad kyrkje er eit automatisk freda kulturminne er det ikkje berre å starte arbeidet. Også i grunnen rundt kyrkja er det potensiale for å finne spor frå fortida. Derfor har arkeologar gjort prøvegravingar på sju stader rundt heile bygget. Det er t.d. teke prøvar som er karbondatert. Nyleg kom rapporten frå arbeidet.

Konklusjonen etter dateringa er at det lysebrune og grålege laget kan vere åkerjord frå yngre romartid, men det er fleire mogelege feilkjelder slik at resultatet mest er av akademisk interesse, heiter det i rapporten.

Les meir i papirutgåva fredag.