Til helga er det duka for ein ny noregsmeisterskap på heimebane for Ottar Berg (t.h.), Jan Erik Sunde og dei andre brytarane i Jølster handbakklubb. Arkivfoto frå NM i Førde i 2012.

Skal bryte seg til NM-medaljar på heimebane

– Det ligg an til å bli kring 80 deltakarar. Vi er i bra rute til meisterskapen, seier Ottar Berg i Jølster handbakklubb.

For tredje gong skal den svært så aktive handbakklubben i indre Sunnfjord stå som arrangør av noregsmeisterskapen. Første gong var i 1996. Då var arrangementet lagt til Gjesthalla på Vassenden. I 2012 tok ein i bruk Førdehuset. Laurdag er det Skei, Thon Hotel Jølster og Jølstersalen som er arena.

Kompakt arrangement

– Vi har lyst til å gjennomføre arrangementet i Jølster, slik at dei andre deltakarane ser kvar vi kjem frå. Det er på tide å vise fram heimbygda igjen, det er 20 år sidan sist, seier primus motor Ottar Berg.

Han har nokre hektiske dagar føre seg. I tillegg til å bryte sjølv, har han mange ballar i lufta før og under NM.

– Vi tek til å rigge lokala fredag kveld. Brytinga startar laurdag føremiddag. Alt blir avgjort i løpet av dagen, vi held det gåande til finalane er unnagjorde, seier Berg og fortel om mange arbeidsoppgåver i førekant:

– Alt er meir teknisk no enn tidlegare. Meisterskapen skal streamast, så vi må opp med utstyr til det. Kampoppsett og kampar vert viste på storskjerm, så både utøvarar og publikum kan følgje med. Vi har leigd inn tribune frå Sogn og Fjordane Teater. I tillegg til utøvarar og deira familiar, trur vi det kjem kring 100 tilskodarar. Det kan fort bli tettpakka i salen.

Les meir i papirutgåva onsdag.