Om lag 550 personar registrerte seg for å gå Rypeskarrennet. Dei fekk ein flott tur.

Sjeldan var turen over fjellet finare

Rundt 550 personar gjekk Rypeskarrennet. – Såpass bør det vere i så flott vêr, seier leiar i skigruppa i Fj/V, Astrid Fjellestad Hauge. Dei fekk ein svært flott tur.

For mange er Rypeskarrennet ein av dei faste påsketurane, og dette året ein av dei vakraste på lenge. Medan snømangel stogga arrangementet i fjor, er det rikeleg med snø i fjella dette året.

For store og små
For dei minste turgåarane er Rypeskarrennet ei lita kraftprøve, men er motivasjonen god nok, fullfører dei i fin stil og med krefter til overs.
Ei kald natt og kjøleg føremiddag gjorde det lett for smørjarane som hadde det travelt i startområdet på Utvikfjellet der det var kø framfor både registreringa og smørjestasjonen.
Så gjekk turgåarane i lang rekkje vestover fjellet, forbi støylane og etter kvart opp bakkane til saftstasjonen i Fagredalen der mange brukar å ta ein velfortent rast og fylle på med energi.

Her er nokre glimt frå turen:

rypeskarrennet, smørjestasjonen

rypeskarrennet, forbi støylane

rypeskarrennet, 3

rypeskarrennet, 6

rypeskarrennet, nedrennet

rypeskarrennet, saftstasjonen, 3rypeskarrennet, 4