Home   >   Nyhende   >   Sjåfør henta av ambulanse

Illustrasjonsbilete.

Sjåfør henta av ambulanse

Ein mann i 20-åra vart frakta til legevakt med ambulanse etter at semitraileren han køyrde hamna utfor vegen på rv60 i Avleinsvika innanfor Innvik litt før klokka tre torsdag ettermiddag.

Semitraileren har kome utfor vegen og stoppa i fjellveggen. Det var ein person i bilen og etter å ha fått tilsyn på staden vart han frakta med ambulanse til legevakt. Det skal vere snakk om mindre personskader. Traileren har fått store materielle skader. Det er mogleg å køyre forbi på staden, men vegen kan verte stengd i samband med bilberging. Det er signalisert at vegen kan verte rydda rundt klokka 19.00.

Statens Vegvesen måtte litt over klokka seks torsdag kveld stenge Grasdal- og Oppljostunnelane på rv15 over Strynefjellet ei kort tid grunna gåande i tunnelen.

Ni førarar fekk forenkla førelegg under ein fartskontroll på E39 forbi Klakegg torsdag ettermiddag. Høgaste farta var96 km/t i 80-sona, melder politiet.