Home   >   Nyhende   >   Sjå opp for hjort!

Sjå opp for hjort!

Det har vore ei rekkje søk etter skada hjort i løpet av natt til søndag. Politiet melder om søk med lys i Stryn, Lavik, Bygstad, Jølster, Førde, Byrkjelo og Hornindal.

Politiet i fjordfylket har elles hatt ei relativt roleg natt, men ein rusa gut under 18 år i Førde måtte hentast av faren etter å ha oppgjeve falsk personalia og sparka politiet.