Jon Georg Dale.

Sjå bondemøte på nett

Før jul la regjeringa fram ny Stortingsmelding om jordbrukspolitikken, og tysdag startar landbruks- og matminister Jon Georg Dale og leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes sin møteturne landet rundt der dei skal debattere meldinga saman med lokale aktørar.

Møta er opne for alle, og det førstet møte vert her i Sogn og Fjordane, på Skei hotell. Her er det også innleiing ved fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Dei som ønskjer å følgje debatten men ikkje har høve til å møte opp på Skei kan sjå den på Regjeringa sine nettsider frå klokka elleve tysdag føremiddag.