På herrelaget til Jølster sprang Arild Øygard (f.h.), Alex Peveri, Trond Arild Bolset, Mathias Sunde Årdal, Eivind Øygard og Øystein Støfring.

Sikra ny siger på stafetten

Jølster IL sikra på nytt sigeren i herreklassa under Breimstafetten i dag. – Det er alltid kjekt å vinne, seier ankermann Øyvind Støfring.




Breimstafetten vart skipa til for 80. gong på Reed stadion i dag. 49 lag stilte til start i dei ulike klassene, medan 33 skulelag deltok i Kongleriket ministafett.

– Fin oppleving

– Det var ei fin oppleving dette. Det var i grunn ganske likt som i fjor. Dei andre på laget hadde skaffa ei bra luke, for meg var det i grunn berre å passe på at eg ikkje ramla i nedoverbakken, smilte Øyvind Støfring etter å ha sikra Jølster sigeren på herrestafetten.

Han var også ankermann på laget i fjor.

– Dette er tredje året Jølster vinn herrestafetten. Kva er det som gjer at de er så gode?

– Vi har ei bra gruppe i laget som likar å springe. 48 løparar frå Jølster IL er med på Breimstafetten i dag. I tillegg har vi Eivind Øygard på laget. Han er i landstoppen og skaffa ei bra luke på sin etappe. Vi andre på laget trenar også bra. Det er alltid kjekt med stafett, fortel Støfring.

To sigrar same dag

Han var også med på å vinne opa klasse for laget Unge lovande. Då prang han første etappe.

– Er det ikkje hardt å springe på to lag?

– Det er eigentleg fint. Første gongen eg sprang, fekk eg varma opp beina til herrestafetten. Det er god trening. Laget Unge lovande består av løparar frå både Jølster, Førde, Breim og Stryn. Vi var på krinssamling i løp for to veker sidan. Alle skulle på Breimstafetten. Dermed fann vi ut at vi like godt kunne stille eit eige ungdomslag og sjå korleis vi klarte å hevde oss, fortel Støfring.

Han legg til at det var kjekt å vere med på å vinne med begge laga.

– Då eg sprang første etappe, vart det litt meir kjemping. På siste etappe kunne eg i grunn berre kruse inn. Det er alltid kjekt å krysse målstreken først, smiler han.

Damestafetten vart vunnen av Førde IL Friidrett, men Gloppen FIL tok andreplassen.
Mariel Taraldset vann kraftprøva for kvinner, Ingeborg Sætren vann jenteklassa, Jakob Slåtten vann guteklassa, medan Robert Andre Moldestad sikra sigeren i herreklassa.