Trass i varmen vart Eli Anne Dvergsdal frå Jølster noregsmeister.

Sikra ny NM-tittel

Eli Anne Dvergsdal sikra seg ein ny NM-tittel i motbakkeløpet Skuggenatten Opp 2018.



26-åringen frå Jølster jakta etter sin andre NM-tittel då ho laurdag ettermiddag deltok i Skuggenatten Opp i Telemark.

Vann med god margin

Løypa var 4,4 km lang, og det var 456 høgdemeter opp til fjelltoppen Skuggenatten.

Dvergdal har gjort det svært godt i tidlegare konkurransar i år, og kom i mål på tida 27,37, eitt minutt og 18 sekund føre den neste kvinna.

Komande helg er det noregscupløp.

Eli Anne Dvergsdal bur i Bergen og konkurrerer for Varegg Fleridrett.