Sigrid Moldestad får Medaas-prisen. Foto: Ingvil Skei Ljones.

Sigrid med jule-EP og førjulsturné

Folkekjære og kritikarroste Sigrid Moldestad legg også i år ut på førjuls-turnéen “Vintersong”, og gjev ut tre nye songar i ein eigen jule-EP. Ho kjem til Operashuset i Eid 28. november og Breim kyrkje dagen etter.

Ei blanding av hennar eigne stemningsfulle songar og andre nostalgiske låtar vil fylle både utgjevinga og konsertstadane ho besøkjer før jul.

Med strykekvartett

Turnéen fylgjer opp suksessen frå i fjor, der Sigrid skapte magi i utselde hus. I år vert ramma ekstra nær og intim når ho tek med seg Oslo Strings. Strykekvartetten er kjende for å utfordre grensene for kva og kor eit strykeensemble skal vere og har jobba med alt frå Karpe Diem, Siri Nilsen, Marit Larsen og Kurt Nilsen til meir tradisjonelle klassiske uttrykk. Dei er også mykje nytta i studio, både til filmmusikk og plateinnspelingar. Saman med gitaristane Mattias Perez/Adam Johansson og med-arrangør Karl-Johan Ankarblom, vil songane til Sigrid Moldestad få ei ekstra stemningsfull innpakning.

– Eg gledar meg veldig til å skape musikk og kveldsstunder saman med desse fantastiske musikarane. Det vert utrulig spanande og spele nye versjonar av mine eigne songar og eg trur det blir inspirerande å utforske nye uttrykk i både dei og i meir velkjende julesongar, seier Sigrid.

Vintersong har fått tittelen sin frå songen Sigrid Moldestad skreiv til turneen i fjor. “ Sover vreden på jorda når det er natt?” er startlinja på songen, og Sigrid seier det var alle dei sterke inntrykka frå media og ei verd i uro som fekk henne til å skrive den. Den situasjonen er kanskje endå verre no, og Sigrid seier ho vil markere si støtte til dei som no er i naud på konsertane sine framover.

– Må engasjere oss
– Det er viktig at vi engasjera oss. Vi som artistar kan bidra gjennom vårt arbeid, ikkje berre gjennom stønad, men også med å gje håp og pause frå inntrykka vi får. Musikk har ei helande kraft på menneskje, og eg trur at folk sine behov for å vere saman, sitje tett, oppleve, høyre, sanse er noko av grunnen til at julekonsertane samlar så mange. Vi treng å vere ilag, forklarer Sigrid.

Vintersong vert ein varm konsert til ettertanke, glede og håp. Sigrid og ensemblet skal besøkje konserthus, kyrkjer og forsamlingshus i vekene før jul, og ho har ein overordna tanke med seg i det ho vil gje. “ Eg veit det er ein floksel, men det gjer den ikkje mindre sann: fred og kjærleik, peace and love- det er det det handlar om! Det er det ein vil og bør gje til kvarandre. Musikk er kjærleikens språk. Den er raus og går på tvers av tru, religion, julebodskap og alt. Vi kan ikkje seie det ofte nok slik verda er i dag, avsluttar Sigrid Moldetad.

I tillegg til konsertane kjem Sigrid Moldestad med tre nye låtar på ein jule-EP. Spela inn i legendariske Atlantis Studio i Stockholm med ikkje mindre Janne Hansson bak spakane. Album og julesongane kan kjøpast digitalt samstundes som turnéen Vintersong startar den 27. november. Plata kan og kjøpast som ei eiga julegåve på alle konsertane før jul.