Den som skal ha sete til Sigrid sin konsert i operahuset til helga må skunde seg.

Sigrid i Operahuset

I september i fjor haust slapp Sigrid Moldestad albumet «Vere her» til strålande meldingar landet rundt.

No er ho inne i siste helg av lanseringsrunda si og avsluttar på Nordvestlandet. Ein konsert heime i Nordfjord står sjøvsagt på menyen, og Operahuset Nordfjord vert fylt til randen førstkommande fredag. Faktisk er det berre nokre få rader heilt bak på galleriet ledig til konserten.

– Det har vore ei glede å reise rundt å spele dette albumet for folk, og no får vi omsider også sjansen til å spele det for publikumet heime i Nordfjord! Det er rørande å sjå at folk strømmer til og møter trufast opp og vi skal ikkje skuffe. Dette vert stas, seier Sigrid sjølv.

Albumet «Vere her» har bl.a hausta terningkast 5 i Aftenposten, P1, Bergensavisen, Dagsavisen.

– Det er utruleg stort når eit albumet ein har lagt så mykje energi, kjensler og arbeid i vert motteke på ein slik måte. Å sleppe eit album er alltid ei krevjande øving, og når ein då får slike tilbakenmeldingar er det ei fantastisk kjensle, seier Sigrid.

Sigrid Moldestad feira i 2017 ti år som soloartist. Ho har gjeve ut fem soloalbum desse åra. Forrige originalalbum «Brevet til kjærleiken» (2014) var basert på tekstar av diktaren Jan-Magnus Bruheim og blei mellom anna kåra til «Årets album» av «Norsk på norsk» på NRK P1.

Albumet har original instrumentering frå musikarane Anders Røine (munnharpe, langeleik, vokal) Jørgen Sandvik (el-gitar, guzheng, vokal) Sigbjørn Apeland (trøorgel) Kåre Opheim (trommer) og Anders Bitustøyl (bass, vokal). Dette skapar eit heilt særeige lydbilete og Sigrid Moldestad tek uttrykket eit lite steg videre i måten ho forankrar folkemusikalske element i musikken sin.

På scena i Operahuset Nordfjord har Sigrid med seg Morten Skage, Tarald Tvedten, Sigbjørn Apeland, Jørgen Sandvik, Anders Hall, Roald Kaldestad og Kjetil kristiansen (Lyd).