Home   >   Fylket   >   Klar for Løvebakken

Klar for Løvebakken

Men Frida ventar med jubelen til det er sikkert.

Det ser no ut til at Frida Melvær, Høgre tek tredjemandatet i Sogn og Fjordane, og vinn den spennande duellen med Steinar Ness (Sp). Høgre ser ut til å lande kring 18 prosent og Sp, som er dagens valvinnar både sentralt og lokalt, kring 30. Ingrid Heggø, Ap tek som venta.

– Det ser veldig bra ut. Eg er ingen beskjeden sunnfjording, men ventar med å sleppe jubelen laus til det er heilt sikkert, seier Melvær til NRK.

Utjamningsmandatet er særs spennande og det har veksla mellom Sveinung Rotevatn, V, Tore Storehaug, KrF og Vibeke Johsen, V. I det siste har Storehaug og KrF lege best an, men dette blir spennande heilt inn.

Framleis ser det ut som det går mot eit borgarleg fleirtal, men det er ikkje avgjort sidan både Venstre og KrF so vidt ligg over sperregrensa. Uansett vil ei ny Erna-regjering bli avhengig av begge desse partia si støtte.