Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Sendt til Haukeland

To personar vart sendt til sjukehus etter ei utforkøyring på Kollsete i Sogndalsdalen måndag kveld.

Ein mann tidleg i 60-åra og ei kvinne seint i 50-åra vart først sendt til Førde sentralsjukehus, men kvinna vart kort etter overført til Haukeland universitetssjukehus, melder Helse Førde. Mannen er lettare skadd. Det var ingen andre involverte i utforkøyringa.



I Stryn har politiet hatt storbilkontroll og sjekka dokument og bilbelte. 11 bilar vart kontrollerte og alle hadde alt i orden.

Elleve personar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll ved Strendene på fv53 i Årdal måndag. Høgste fart i 80-sona var 106 km/t.