Home   >   Nyhende   >   Sendt med luftambulanse til sjukehus

Sendt med luftambulanse til sjukehus

Ein person vart sendt til sjukehus med luftambulanse etter ein kollisjon mellom ein bil og ein minibuss i Fjærland onsdag kveld.

Minibussen skal ha teke ein u-sving i eit kryss og vorten påkøyrd av ein annan bil. Det er føraren av bilen som er sendt til sjukehus, medan føraren av minibussen inntil vidare er fråteken førarkortet.

Det er store skader på personbilen, melder politiet.

• • •

I Florø vart ei overstadig kvinne i 50-åra satt i arresten i tretida natt til torsdag.

I Førde vart ein mann i 30-åra bedt om å dempe musikken etter at naboar hadde ringt politiet og klaga på ordensuro onsdag ettermiddag.

Omtrent på same tid vart ein rusa mann i 40-åra køyrd heim av UP på Nordfjordeid.

• • •

I Kusslida i Førde måtte ein førar gje frå seg sertifikatet etter å ha halde 92 km/t i 60-sona på staden. I same kontrollen fekk heile 15 førarar forenkla førelegg for å halde for høg fart, den som køyrde fortast av desse vart målt til 82 km/t.

Tre førarar fekk forenkla førelegg då lokalt politi heldt fartskontroll på Fodnes onsdag kveld. Høgste fart var 97 km/t i 80-sona.

På Skårhaug i Eid fekk også tre førarar forenkla førelegg for å køyrt for fort. Høgste fart her var 98 km/t i 80-sona. I tillegg fekk ein førar forenkla førelegg for mobilbruk.

I Nordfjordeid sentrum heldt UP åtferdskontroll onsdag ettermiddag, og her fekk fire førar forenkla førelegg for mobilbruk og tre fekk gebyr for å ikkje bruke bilbelte.

I ein tilsvarande kontroll i Florø var det ingen reaksjonar.