Magne Sunde må berre konstatere at «Seljekallen» til Nikolai Astrup er historie. For nokre år sidan tok han initiativ til å restaurere treet.

Seljekallen har kapitulert

Seljekallen er ein sentral figur i Nikolai Astrup sin Kunst. I tresnitta «Marzmorgen» (1920) og «Vårnatt og seljekall» (1917) ser vi han som strekkjer fingrane mot «Isdronninga» i bakgrunnen.

Dette treet som har stått langs fylkesvegen mellom Myklebust og Dvergsdal i Jølster i minst 150 år, er no borte. Røtene har svikta og den gamle kjempa fall i løpet av helga.

Det var Magne Sunde som oppdaga at «Seljekallen» låg nede då han køyrde forbi søndag kveld. Sunde tok for 10-12 år sidan initiativ til å restaurere treet og fekk med seg Johannes Kjøsnes på arbeidet. Dei nava treet tilbake til omtrent slik det såg ut på Nikolai Astrup si tid.

– Det kan hende treet ikkje tålde denne behandlinga, seier Magne Sunde og viser til at dei skar ned ein ny stamme som hadde vakse opp frå rota. Det som i alle fall er eit faktum er at mykje av røtene er rotne og at treet rett og slett har mista fotfestet. Dette må ha skjedd i løpet av helga sidan lauvet enno var friskt på den delen av treet som var friskt.

– Det kan sjølvsagt også vere at det rett og slett er alderen som har teke han, funderer Sunde som sjølvsagt tykkjer det er trasig at denne kjende Astrup-figuren no er borte.



Les meir i papirutgåva tysdag.

«Marzmorgen» frå 1920 er eitt av tresnitta som har «Seljekallen» som motiv.