Home   >   Nyhende   >   Seks omkom i septembertrafikken

Trykk Trafikk oppmodar trafikkantar om å stresse ned og ta med ro i haustferien - også på vegane. Illustrasjonsfoto.

Seks omkom i septembertrafikken


I september omkom seks personar på norske vegar. Det er sju færre enn same månad i fjor. I Sogn og Fjordane omkom ingen i trafikken i september.

Det viser ulykkestala frå Trygg Trafikk. Nå oppfordrar dei nordmenn i haustferiemodus til å ta det med ro på vegane.

Færre omkom
I løpet av dei første ni månadnae i 2017 har 80 personar mista livet i trafikken. I same periode i fjor omkom 110 personar. I Sogn og Fjordane var det ingen drepne i trafikken i september, og så langt i år har fire personar mista livet i trafikken i fylket.

– Det er heldigvis færre enn før som mistar livet i trafikken, men vi kan ikkje vere nøgde med det. Vi må jobbe for at neste månad vert enno betre, og at året samla vert eit «rekordår» for trafikktryggleiken. Vi har ingen å miste og visjonen om at ingen døyr eller vert skadde for livet i trafikken er framleis leiestjerna i det nasjonale trafikktryggleiksarbeidet seier direktør i Trygg Trafikk, Jan Johansen.

Omkomne i september fordelar seg på tre bilførarar, to bilpassasjerar, ingen syklistar og ein fotgjengar.

Stress ned i haustferien
Vi godt i gang med haustferietrafikken, og Trygg Trafikk oppfordrar til å ta det med ro på vegane.

– ­Haustferie er tyder med ferietur og familiebesøk for veldig mange. Det er også no det byrjar verte mørkt og sleipt på vegane. Det viktigaste du kan gjere er å ta det med ro. Ikkje ta unødvendige sjansar og vel fart etter stad, føre og trafikktilhøve, seier Johansen.

Skal du til fjells må du også vere budd på frost og glatte vegar, og kanskje må du vurdere å bytte til vinterdekk. Hugs at bremselengda på glatte vegar kan vere fire gonger lenger enn på tørr asfalt.

Trygg Trafikk sine tips til ein trygg haustferietur

1) Fest belta stramt over hoftene og skuldra på både vaksne og born

2) Hald farten nede og avstanden oppe

3) Stress ned sjølv om det er mykje trafikk

4) Ver budd på glatte vegar

5) Hald fokus og dropp mobilen