Home   >   Nyhende   >   Satsar på godt samarbeid

Satsar på godt samarbeid

Linda van Hulst Florack er tilsett som marknadsansvarleg i Firda Tidend, og starta i jobben 1. januar. – Det er herleg å vere tilbake i avisbransjen, smiler ho.

Linda van Hulst Florack søkte på jobben fordi ho har hatt ein tilsvarande jobb i Nederland.

Flytta for fire år sidan

– Eg var marknadsansvarleg i ei avis i byen Eindhoven i åtte år, og det var ein jobb eg treivst svært godt i. Det var leitt å måtte slutte, men vi valde å ta steget og flytte til Noreg for fire år sidan, fortel ho.

No overtek ho ansvaret som Atle Nygård har hatt i Firda Tidend.

– Eg gler meg til å bli betre kjend med dei næringsdrivande i avisa sitt dekningsområde. Kanskje nokre kjenner meg frå før? Eg har jobba ved både Breim skule, i butikkar på Sandane og i Trivselshagen. Det gjer at eg er blitt litt kjend med lokalsamfunnet, og det trur eg er ein fordel i den jobben eg skal inn i. Eg gler meg over at eg skal jobbe med alle typar bransjar. I Nederland jobba eg i ei regionsavis, og då hadde eg ansvaret for nokre spesifikke bransjar. No får eg eit variert arbeidsfelt, seier ho.

Tett kontakt

Som marknadsansvarleg håpar ho på å få tett kontakt med næringslivet.

– Eg skal hjelpe dei næringsdrivande med å kommunisere og få bodskapen fram til innbyggjarane i samfunnet. Eg har eit håp om at vi skal få til eit godt samarbeid. Her er eit variert næringsliv i dag, og det er viktig at dette blir oppretthalde – ikkje minst for oss som bur her, peikar ho på.

Linda van Hulst Florack kom flyttande til Gloppen i lag med ektemannen og fire born. Stefan arbeider hos Bademiljø på Sandane.

– Vi budde i Myklebustdalen dei to første åra. Deretter kjøpte vi oss hus på Bø i Breim. Der trivst vi svært godt. Det er midt i sentrum av Breim, men også midt i dekningsområdet til Firda Tidend, smiler ho, som er aktiv i friidrettsmiljøet i Gloppen.

Tre dagar i veka 

Linda van Hulst Florack har ei masterutdanning frå Nederland med marknadsføring og kommunikasjon som spesialfelt. No håpar ho kunnskapen og erfaringa ho sit på vil kome nye samarbeidspartnarar til gode. Ho vil vere på kontoret måndagar, tysdagar og torsdagar, men publikum kan nå ho på telefon eller e-post også på andre tidspunkt.

– Eg vil vere tilgjengeleg, og ønskjer at folk tek kontakt. Eg håpar også næringsdrivande vil ta kontakt med meg når dei har eit kommunikasjonsspørsmål. Eg har stor tru på å bruke ulike kanalar for å nå ut til publikum. Det finst fleire kanalar, og folk brukar fleire mediekanalar i kvardagen. Skal ein finne fram til den perfekte kombinasjonen, må ein ta omsyn til målgruppe, produkt og kva type service ein tilbyr, forklarer ho.

Samtidig er ho klar på at det er viktig å annonsere i lokalavisa.

– Forsking viser at avisannonsar blir oppfatta som seriøse og truverdige fordi dei står i ein seriøs samanheng. Det er viktig å vere klar over korleis ein framstår som annonsør. For bedrifter flest høver det eigentleg alltid å bruke avismediet, anten på papir, nett eller begge deler. Her blir annonsane sett av folk som har betalt for å få avisa og som er interesserte og villige til å ta imot bodskapen, seier ho.