Eit Nordfjord styrt av byråkratar og heiltidspolitikarar i sentra langt frå folk flest vil vera eit langt steg attende mot embetsmannsveldet, skriv Per Gunnar Stensvaag i denne kronikken. Han set heile prosessen kring kommunesamanslåing inn i eit større perspektiv. Illustrasjonsfoto med utsyn over Nordfjorden.

Sanner sitt grenselause Nordfjord

Medan vi feirar Grunnlova og den nasjonale sjølvråderetten, er det eit paradoks at den lokale er truga. Kva med Formannskapslova av 1837, den som kom som ein reaksjon på embedsmannsveldet, ein arv frå dansketida?

Regjeringa sitt ideal-Nordfjord verkar å vera mest mogleg vidtfemnande einingar.
"Samanslåing" er mantra uansett problem. "Store og robuste kommunar" er fyndorda til Jan Tore Sanner, som om likskapsteikn i mellom var sjølvsagt.

Kommunane er ikkje små

Norske kommunar er ikkje små, men i flatemål av dei aller største i Europa, middels i innbyggartal. Luxembourg er til dømes mykje mindre enn Nordfjord, men har 106 kommunar. Folketal er i snitt om lag 5.000 mot 12.000 her i landet. Sanner sitt Noreg vil soleis verta ein avvikar der vi særskilt arealmessig hamnar langt utanfor skalaen.

Millionane til omstilling sit laust, men utgiftene gjev ingen seinare gevinst. Sjølv Sanner vedgår at det ikkje er ei krone å spara, noko tidlegare samanslåingar avslører. Reforma i Danmark i 2007 ga same røynsle. Talet på folkevalde som på fritida si set seg inn i alt frå kloakk til skulestruktur, minkar. Lokalsamfunn misser ombotsmennene sine. Byråkratiet derimot, vert ikkje berre sentralisert, det aukar.
Dagens grenseoverskridande samarbeid sikrar ikkje berre tenestenivå og fagmiljø der det er vanskeleg for den einskilde aleine, men og stordriftsføremonene vi ynskjer. Interkommunalt samarbeid gjev demokratisk underskot vert det så påstått, pussig nok av dei som typisk ivrar for å konkurranseutsetje. Om IKS med folkevalde i styret er eit problem, kva så med private aktørar? Lyt logikk vika for vikarierande argument av di store kommunar er meir aktuelle arenaer for sistnemnde, og forklarar det entusiasmen for prosjektet hjå dei blå-blå og NHO?


Vil verke mot si hensikt

Sanner sin medisin for betre offentlege tenester vil verka mot si hensikt. Graden av kor nøgd folk er, er jo omvendt proporsjonal med kommunestorleiken. Sjølvsagt kan det vera mykje å klaga på i eigen kommune, men når berre strukturen vert angripen, vert energien kanalisert mot reine luftslott framfor sjølve problema. I alt levenet druknar tragisk nok også sjølve idéen om den lokale sjølvråderetten.
Om Formannskapslova fekk berre ein brøkdel av entusiasmen folk syner for Grunnlova, og fakta fekk knusa verserande myter, ville dei fleste potensielle kommunesamanslåingar vera like aktuelle som ny union med Sverige eller Danmark.

Nordfjord har røynsle med både samanslåingar og deling. I lys av retorikken til dei som meiner det er naudsynt med storstilt kommunefusjonering, og det snøggast råd, kan det vera særs interessant å lesa gamle dokument. Schei-kommitéen teikna eit dystert bilete av mangt eit lokalsamfunn om dei ikkje vart berga inn under ei større kommunal eining. Til dømes meinte dei at "Hornindal ville verta liggjande attende i utviklinga dersom dei ikkje fekk føremoner attende frå der dei har sitt handelssamband og produktlevering", dvs. Stryn. Honndølene såg det annleis. Halvanna år etter tvangsekteskapet skipa dei til ei folkerøysting som synte ein overveldande fridomstrang. Liknande rørsler for lausriving kom i gang over heile landet, og styresmaktene laut etter kvart utgreia eventuelle skilsmisser.

Totalt 21 samanslåtte einingar vart vurdert, men berre tre slapp gjennom nålauget i innstillinga frå 1974. Det såkalla Tallaksen-utvalet meinte Hornindal ikkje ville ha økonomisk evne til å fungera tilfredsstillande som eigen kommune. Stortingshandsaming laut til for å gje dei fridomen i lag med ytterlegare sju andre som dei såkalla ekspertane hadde gitt mykje av same nedslåande analyse.

Lure folk på same viset

For 20 år sidan kom Christiansen-utvalet med liknande domedagsprofetiar. Svært mange kommunar hadde ingen moglegheit til å klara seg i einsemd med alle utfordringane den nye tida ville gje dei. Buvik-utvalet hadde sytt for den reine massakrar kring ein del byar i åra like før. Sjølv om folkerøystingane synte massiv motstand, typisk høgt 90-tal, forsvann då 19 kommunar. Støyen vart imidlertid så høg at vi fekk det såkalla "Friviljugsvedtaket" i 1995. Christiansen vart lagt i skuffen, men no er dei jaggu i gong att og freistar å lura folk på akkurat same viset.

I staden for å tru på prognosar som gong på gong vert gjort til skamme, kvifor ikkje heller studera korleis det har gått hjå mange av dei som leid den vanlagnad å verta ei stemoderleg handsama utkant i ein storkommune? Det er ikkje alltid like lett. Dei som hevdar at samanslåing er nøkkelen til full legedekning, får jo rett når permanent stengde legekontor lik stupande folketal og anna elende ikkje lenger vert avslørt av finmaska kommunestatistikk. Noreg har i dag 26 kommunar med mindre enn 1000 innbyggjarar. Medan alle desse miniputtane har eldreomsorg og minst ein skule, finns det mange ekskommunar utan skule og med nedlagde gamleheimar, ja jamvel ein som er fri for folk.

Gedigent sentraliseringsprosjekt

Slik folk kjempar for nærbutikken, skulen eller lokalsjukehuset, bør dei stå opp for kommunen sin. Vert heradshuset stengd, forsvinn ein pilar i samfunnet, og då kan i neste omgang fleire fort falla. Sanner sin reform vil væra eit særs risikabelt samfunnseksperiment og eit gedigent sentraliseringsprosjekt. Ein robust kommune treng ikkje vera stor, heller tvert om. Mykje viktigare er det med lokal stoltheit, sterk identitet og derav fylgjande initiativ, samhandling, trygge og gode tenester, dugnadsånd og lokal medbestemming.

Sanner freistar å byggja opp ei stemningsbølgje kor hastverk er eit viktig element. Fyrstemann til mål får premie medan dei treige etter kvart likevel får reforma tredd over seg. Det siste er positivt feil. Lagnadstrua er ei villfaring regjeringa let folk leva i for å få oppfylt sin visjon, men friviljugsvedtaket står faktisk framleis.

Attende til embetsmannsveldet

Eit Nordfjord styrt av byråkratar og heiltidspolitikarar i sentra langt frå folk flest vil vera eit langt steg attende mot embetsmannsveldet. Feiringa av den nasjonale sjølvråderetten får ein vond bismak ved einkvar vraking av den lokale varianten. Difor lyt Sanner stoggast i sin kommunegigantomani.

Eit Nordfjord styrt av byråkratar og heiltidspolitikarar i sentra langt frå folk flest vil vera eit langt steg attende mot embetsmannsveldet, skriv Per Gunnar Stensvaag i denne kronikken. Han set heile prosessen kring kommunesamanslåing inn i eit større perspektiv. Illustrasjonsfoto med utsyn over Nordfjorden.

Per Gunnar Stensvaag er flykaptein i SAS, men også spesialist på norske kommunar. M.a. er han kjend som fagdomar i Kvitt eller dobbelt sitt tema ”Norske kommunar. Han er ein kjend føredragshaldar og har på oppdrag frå Bjarne Jensen, professor i forvaltningsøkonomi, har eg også levert ei større avhandling om Norsk kommunehistorie - struktur og utviklingstrekk.