Malin Victoria Alander (23) frå Sandane er ein av tre norske utøvarar som er utplukka til å vere med i Førdefestivalen sitt talentprosjekt i år. Foto: Hanne Birgitte Eikenes Bjørshol.

Sandane-jente i talentprosjekt

Ein av dei norske deltakarane i Førdefestivalen sitt talentprosjekt i år kjem frå Sandane.
Malin Victoria Alander (23) deltek som ein av tre norske talentmusikarar. Dei to andre er Selma French Bolstad frå Ås og Hans P. Kjorstad frå Sør-Fron.


Talentprosjektet, som i år går for 21. året på rad, går ut på at ni unge musikarar frå tre land møtest til verkstadar og øving i Førde søndagen før festivalen startar. Då møtest dei for aller første gong, og nokre dagar seinare skal dei stå på scena med sin eigen konsert. Festivalen i år startar onsdag 1. juli.

Stor oppleving

– Vi veit at dette er ei stor oppleving for deltakarane, og eg vil tru det må vere interessant for ikkje minst lokalt publikum å få møte Malin Victoria Alander gjennom dette prosjektet. I år er det med tre unge kvinner frå Iran som lever under heilt andre kår enn til dømes Malin. Dei får ikkje opptre offentleg i heimlandet, iallfall ikkje framfor blanda forsamlingar. Det er dermed store kontrastar i møta mellom dei unge musikarane i årets prosjekt. Det tredje deltakarlandet er Armenia, seier kommunikasjonssjef i Folkemusikkfestivalen, Torill Gundersen Faleide.

Ho legg vekt på at intensjonen med prosjektet er å samle unge, talentfulle utøvarar frå forskjellege kantar av verda og med ulik kulturell bakgrunn slik at dei kan føle fellesskap trass ulikskapane, lære litt av kvarandre og få inspirasjon til å utvikle seg sjølve og musikken sin.

Les heile saka i papirutgåva måndag.