Mads Wie er tilbake på Sandane og kvitterte med tre scoringar.

Sandane imponerte i serieopninga

Sandane imponerte i serieopninga og slo Førde 2 5-1 i ein fartsfylt kamp. Mads Wie er tilbake i Sandane-drakta og kvitterte med hattrick.

Han er ikkje den einaste som er tilbake i morklubben. Også Jonas Denk og Sebastian Haugen er tilbake. Det gjev laget etterlengta rutine og meir styrke.



Fartsfylt

Sandane har likevel eit ungt lag. Det har også Førde som gjekk ut i stort tempo og sette heimelaget sitt forsvar under press dei første minutta, men då Mads Wie sende Sandane i føringa etter 23 minutt, endra kampen karakter, og heimelaget tok kontroll over kampen.

Hattrick

At Mads Wie blir ei viktig brikke, er heva over tvil. Han returnerte til heimelaget med hattrick. Mål nummer to kom ti minutt etter det første, og laga gjekk til pause.

Jonas Denk la på til 3-0 etter 49 minutt før Mads Wie laga sitt tredje mål for dagen. Då var det spelt 56 minutt. Arne Morten Vilnes Øen sette punktum for scoringsrekkja til Sandane i 62. minutt.

Solid

Førde sitt trøystemål kom fem minutt før full tid, og var signert av Sander Aamelfot.

-Dette var solid. Eg føler vi har kontroll det meste av kampen, smiler Mads Wie og er glad for å vere tilbake på Sandane og ein lettare treningskvardag enn i Stryn. Han karakteriserer treningsgruppa til Sandane som spennande og er tilfreds med tre scoringar i debyen.

-Men dette var ein lagsiger, strekar han under.



Betre enn venta

-Dette var eigentleg spelemssig over alle forventning. Eg var usikker på kvar vi stod, seier trenar Torbjørn Gran som har uttrykt at Førde 2 blir eit av dei betre laga i avdelinga. Han er både letta og glad og konstaterer at Sandane gjennomførde det dei var samde om; halde tempo på ballen og vise stor arbeidsvilje.

Dersom Sandane presterer like bra framover, blir laget å finne i têtsjiktet, og gjere det triveleg å gå på heimekampane.

Dette er Sandane sesongen 2018. Dersom laget leverer like godt utover i sesongen, kan det bli moro på heimekampane.