Riksteateret er tilbake med Sandane som fast speleplass. Dette biletet er frå ”Fortrolige samtaler” som kjem til Sandane seinare i år. Hermann Sabado og Marte Engebrigtsen. Foto: Erik Berg.

Sandane er tilbake

– No har vi eit anlegg Riksteateret er nøgd med, seier kultur- og utviklingssjef Jan-Kjetil Øygard. I kultursalen i Trivselshagen er det duka for teater på høgt kunstnarleg nivå.

Slik var det ikkje for nokre år sidan. Den gode, gamle Aulaen på Firda vgs, var gått ut på dato. I tillegg til at det var tungvint å rigge opp og ned, miste Aulaen Veritas-godkjenninga for lysriggen.

Ei ny tid

I 1992 var det over og ut for Riksteateret sine besøk på Sandane.

– Men no er det heilt andre fasilitetar, både når det gjeld sjølve scena, men også inn- og utlasting og alt det tekniske. No har vi eit anlegg som oppfyller krava til Riksteateret, seier Jan-Kjetil Øygard.

Etter at den nye kultursalen vart teken i bruk, har Riksteateret vitja Sandane, men berre når Operahuset på Nordfjordeid ikkje var ledig.

– Vi har prøvd i fleire år å få Riksteateret tilbake utan hell, men i fjor haust inviterte Riksteateret til eit dialogmøte på Nordfjordeid, fortel Øygard.

Samarbeide

Då vart det semje om at Nordfjordeid og Sandane prøver å samarbeide og dele på framsyningane til Riksteateret.

– Vi er veldig glade for at vi er tilbake som ein av dei faste speleplassane til Riksteateret, først og fremst for alle som er teaterinteresserte. Riksteateret er teater på eit høgt kunstnarleg nivå. I tillegg håper vi at interessa hos publikum vert ytterlegare stimulert, seier Øygard. Han håpar også å få meir ut av Riksteateret sine besøk.

– Vi tenkjer at t.d. dramalinja på Firda vgs. kan få nytte av at Riksteateret er tilbake, peikar han på. Han antydar at publikum kan vente seg to-tre, kanskje fire framsyningar årleg. Meir er det heller ikkje plass til.
Dei andre faste speleplassane til Riksteateret i vårt fylke er Sogndal, Førde og Florø i tillegg til Nordfjordeid og Sandane.

Viktig

Kva betyr det for Gloppen at Riksteateret er tilbake?

– Det betyr mykje. Gloppen er gode på kultur. No får vi meir, og det frå ein knallgod aktør. Dette er med på å forsterke det eksisterande kulturtilbodet vårt, seier Jan-Kjetil Øygard.

Han håpar folk nyttar høvet og løyser teaterbillett.

– Då vert kostnadene våre reduserte, kanskje så mykje at vi kjem ut i pluss, seier han. I avtalen med Riksteateret må kommunen stille eit garantiansvar på 15.400 kroner pr. framsyning. Dersom billettinntektene vert større enn 30.000 kroner, vil kommunen få behalde 18 prosent.

Første besøket av Riksteateret etter at avtalen er i boks, vert 28. februar med framsyninga ”Bukkane Bruse på badeland”. Det er ei barneframsyning der publikum får oppleve at Bukkane Bruse valde vekk stølen og i staden vitja badeland.