Alle musikarane i sving samtidig, var ei mektig oppleving. Spesielt avslutningsnummeret sat som spikra.

Samspel på tvers av alder og erfaring

– Det har vore nokre fantastiske dagar, og ein fantastisk gjeng å arbeide med, sa hovudinstruktør Dag Arnesen etter at sommarjazzkurset på Skei vart avslutta med konsert laurdag kveld.

Gjennom fire dagar hadde 22 kursdeltakar i alderen frå 15 til 60 år arbeidd med musikk frå tidleg morgon til seine kveld under leiing av sju instruktørar. Resultatet vart presentert på konserten som vart ei mektig oppleving.

Vestnorsk Jazzsenter hadde ikkje spart på noko når det handla om lærarkrefter til sommarjazzkurset, noko vi fekk mange tilbakemeldingar på frå elevane.

– Dei var rett og slett fantastiske, var gjennomgangsmelodien etter at slitne, men lukkelege kursdeltakarar kunne senke skuldrene og sjå tilbake på det dei kalla trivelege og svært lærerike dagar. Dagar der dei fekk møte nye menneske med same interesse som dei sjølve, og der dei fekk profesjonell kursing i improvisasjon og samspel.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.