Boka ”Ryper på jakt” vert lansert på Sandane i helga.

”Ryper på jakt” vert sleppt i Gloppen

”Ryper på jakt” er tittelen på ei ny bok om jakt og fiske, som vert sleppt på Gloppen Hotell i helga.

Det passar sjølvsagt fint å lansere ei ny bok om gledene ved jakt og fiske under sjølve Matamål på Sandane i helga. Forfattarane Gunvor Catherine Røkholt og Mette Tharaldsen var i Gloppen i fjor og tok mange bilete frå naturen her og frå hotellet, som er med i boka.

Forfattarane fortel at det er ei bok om jakt og fiske, men også om alt som kan vere med å auke gleda kring auke gleda og hygga kring jakt- og fisketurane. Jakt og fiske er så mykje meir enn å skyte eit dyr eller få napp på kroken, det er førebuingane, det er samvær med andre, fellesskapet og dei gode samtalene ved frukosten, bålet eller peisen. Det er stemninga, roen, lyset og varmen, og ikkje minst alle dei gode historiene. Boka byr på jakthistorier, sitat og anekdotar, og ikkje minst korleis ein kan by på små overraskingar og skape hyggelege minne.

Denne boka er til alle jenter som jaktar og fiskar, og til alle som har lyst på å begynne.