Det var mykje både av russ og russebilar på Fjordhestgarden

Russen oppførde seg fint

Det var både liv og røre då rundt 1000 russ fredag kveld var samla til fylkestreff på Fjordhestgarden i Breim.
- Samanlikna med kor mange som er her, så har det vore heilt bagatellmessig det vesle som har vore av knuffing, fortalde ansvarleg for treffet, Per Svein Reed då vi var innom.

Niande gong

Om det var rekorddeltaking, eller ikkje, det kunne ikkje Per Svein Reed seie sikkert, men det var i alle fall mykje folk, mykje musikk og mykje godt humør på det niande fylkestreffet for russen.
- Folk dansar, slår ut håret og kosar seg, men her gjer dei det i trygge omgjevnader, sa treffgeneralen og kunne fortelje om rikeleg med vakter, Røde Kors folk og politi. Alle fekk ros i bøtter og spann for innsatsen og vaktene kunne melde om mykje kjekk ungdom.

Politiet hadde kontroll
Innsatsleiar for politistyrken, Agnar Bøyum, hadde åtte tenestefolk på plass og hadde berre småting å ta seg av.
- Det vart litt småampert eit par gonger slik at vi måtte gripe inn, men det har stort sett gått veldig bra, sa Bøyum. Og vi noterte også at det såg ut til at politiet og russen hadde ein god dialog.
Og hovudpersonane, russen, dei såg ut til å storkose seg alle som ein, og av dei vi snakka med så var det berre vellæte å høyre.
104
135
110

Meir om russetreffet i papiravisa måndag.

Ein bukett med Sogndalsruss
To Jølstraruss; Magnus og Mats, begge med etternamn Dvergsdal
Kjekt med russetreff tykte desse jentene frå Dale vgs.