Home   >   Nyhende   >   Rekordstort landsmøte i Noregs Mållag

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Rekordstort landsmøte i Noregs Mållag

Det er klart for det 100. landsmøtet i Noregs Mållag fredag 13. til søndag 15. april. Landsmøtet vil samle seg til kamp mot alle lovbrota nynorskelevane blir møtte med i skulekvardagen, skriv mållaget i ei pressemelding. 

– Ei av dei viktige sakene på landsmøtet er å få gjort noko med mangelen på nynorske digitale læremiddel i skulen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Då høver det godt at Jan Tore Sanner, kunnskaps- og inkluderingsminister, held hovudtala på landsmøtet. Dette ei av dei utfordringane han vert møtt med.

I år er det også klart for å drøfte og vedta nytt fire-åring arbeidsprogram for Noregs Mållag.

Det er eit rekordstort landsmøte som samlast i Vinje i Telemark. Det største på 30 år med godt over 220 til stades og 183 utsendingar med røysterett frå organisasjonen. Mållaget har dei seinare åra vore i sterk vekst.

Det blir markering av  200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje. Vinje grunnla den fyrste avisa på landsmålet, og forfattar Olav Vesaas vil snakke til landsmøtet om livet til Vinje. Politisk redaktør i Bergens Tidende, Frøy Gudbrandsen, skal snakke om Vinje, nynorsken og journalistikken.

Det vert også utdeling av Målprisen 2018, Nynorsk litteraturpris 2017 og kunngjering av Nynorsk barnelitteraturpris 2017. I år har styret dessutan utnemnt to nye heidersmedlemer i Noregs Mållag. Søndag er det val, og Magne Aasbrenn er innstilt som leiar for to nye år.