Torine Langeteig (10) frå Sandane skule, Ine Drageset Nes (9) og Birgit Bjotveit (9) frå Nordstranda skule har hatt ein fin start på ferien.

Rekordmange på fotballskule

I tre dagar har Torine Langeteig, Ine Drageset Nes og Birgit Bjotveit delteke på Tine fotballskule i Sandane Idrettspark. – Det har vore veldig kjekt, seier dei tre jentene, som spelar fotball til vanleg.

Det er etter kvart blitt ein tradisjon at Sandane turn- og idrettslag arrangerer fotballskule for born i barneskulealder like etter at sommarferien har starta.

– Fotball er moro

Birgit Bjotveit, Ine Drageset Nes og Torine Langeteig er mellom dei som har delteke på Tine fotballskule denne veka.

– Kva har de gjort desse tre dagane?


– Vi har leika ein artig leik som heiter Bomba. Vi har også leika VG. I tillegg har vi vore gjennom ein del øvingar og lært oss overstegsfinte, fortel jentene.

Dei har hatt tre flotte dagar.

– Fotball er moro, og vi likar å lære nye ting. Det er også gøy å vere i lag med vener, og fint å ha noko å gjere på i starten av ferien, smiler dei.

Les meir om fotballskulen i papirutgåva fredag.