Eid-ordførar Alfred Bjørlo, Venstre, er strålande nøgd med at det no vert midlar til planlegging av Sandane-Byrkjelo. Arkivfoto

Regjeringa seier ja: - Milepæl for bru Lote-Anda!

- Det er utruleg gledeleg og viktig at Regjeringa i dag har sagt ja til at arbeidet med Nordfjordbrua Lote-Anda kan halde fram, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).


Regjeringa har i dag godkjent Eid kommune sin kommuneplan der brukryssing Lote-Anda ligg inne. Statens Vegvesen la tidlegare i år ned motsegn mot kommuneplanen og forlanga at planane om bru vart tekne ut av planen. Kommunal- og regionaldepartementet har no avvist motsegna, og godkjent vidare arbeid med bruprosjektet som del av kommuneplanen i Eid.

- Eg er svært glad for at Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdsledepartementet støttar vårt syn på at dette ikkje er ein "omkamp" om E39-trasé - men at Nordfjordbrua Lote-Anda er eit prosjekt som står støtt på eigne bein og er viktig for regional utvikling og vekst uansett kva status vegen måtte ha i framtida.

No kan planarbeidet for Nordfjordbrua Lote-Anda halde fram som planlagt i samarbeid mellom Eid og Gloppen

- Dette er ein jubeldag, seier ein nøgd Alfred Bjørlo.