Home   >   Nyhende   >   Regjeringa med forslag til hemnporno-lov

Justisminister Tor Mikkel Wara lovar ei ny hemnporno-lov før sommaren. Foto: Berit Roald/NTB scanpix.

Regjeringa med forslag til hemnporno-lov

Regjeringa vil legge fram eit nytt lovforslag som tar sikte på å kjempe mot hemnporno før sommaren. 

Det bekrefta justisminister Tor Mikkel Wara overfor Nettavisen.

I byrjinga av mars stemte Stortinget ned eit forslag frå Arbeidarpartiet om auka straff for hemnporno, men regjeringa og dåverande justisminister Sylvi Listhaug (Frp) sa dei ville komme tilbake med eit nytt forslag til lovendringar.

Wara seier han forstår at mange er utolmodige og raskt ønsker å få på plass ei ny lov, men understrekar at det må gjerast på rett måte slikt at dei nye reglene får ønskt effekt.

– Vi må blant anna ha klart kva tilfelle som rammast. Kanskje skal fotografen og ikkje berre den som spreier bilda haldast ansvarleg? Bør også film- og lydopptak bli omfatta? Og skal ein kunne påleggje alle som har lagra slikt innhald om å slette det, sjølv om dei ikkje har spreidd noko? Spørsmåla er mange, derfor er det viktig at vi får eit godt fagleg forankra forslag som blant anna offer og støttespelarar kan få komme med innspel til, seier han til avisa.

Leiaren for justiskomiteen på Stortinget, Lene Vågslid, som var forslagsstillar for Ap i mars, seier ho håper regjeringa held løftet sitt om ei ny lov.

– Lovverket ligg etter utviklinga i samfunnet vårt. Det er viktig å få auka strafferammer og eit tydelegare regelverk mot hemnporno og deling av denne typen bilde. Eg håpar ikkje regjeringa gøymer seg bak lange unødvendige utgreiingar for å s