Home   >   Fylket   >   Ragnhild fekk Kongens sølv

På fotoet frå venstre (bak): Ellen-Sofie Egeland (Leiar i Norske Kvinners Sanitetsforening), Alfred Bjørlo (ordførar i Eid) og Anne Marie Strømsøy (fylkesleiar i Sogn og Fjordane Sanitetsforening). Framme: Ragnhild Bjørlo.

Ragnhild fekk Kongens sølv

For sin innsats i sanitetsarbeidet.

Ragnhild Bjørlo (78) frå Nordfjordeid vart måndag 9. oktober tildelt Kongens Fortenestemedalje for sin innsats for sanitetsarbeidet i Sogn og Fjordane.

Ragnhild Bjørlo har vore leiar i Nordfjordeid Sanitetsforening i 12 år, styremedlem i Sogn og Fjordane Sanitetsforening i 13 år og nestleiar i fylkeslaget i 12 år. Ho har også leia beredskaps-arbeidet i Sogn og Fjordane Sanitetsforening sidan det vart starta opp i 2007, og hatt ei rad andre roller og oppgåver i sanitetsarbeidet.

Fortenestemedaljen vart utdelt på eit felles arrangement for sanitetslaga i Nordfjord av fylkesleiar Anne Marie Strømsøy og leiar i Norske Kvinners Sanitetsforening, Ellen-Sofie Egeland.