Rådmann Jan Kåre Fure. Arkivfoto.

Rådmannen vil «ta det med ro»

Rådmann Jan Kåre Fure ser ikkje at det har kome til noko som gjev grunnlag til å ta opp att drøftingar om samanslåing med Eid og Stryn kommunar.

Det var fylkesmann Anne Karin Hame som kom med oppmodinga til Eid, Gloppen og Stryn om å ta opp nye drøftingar med tanke på samanslåing. Ho viste til at det var tre jamstore kommunar med mange felles trekk, at eidarane er positive til samanslåing og at engasjementet også i Gloppen har vore stort, sjølv om det til slutt vart eit lite fleirtal mot å seie nei til Eid.

– Eit stort alvor

Rådmann Jan Kåre Fure tek saka opp i formannskapet på neste møte. Han viser til at dette først og fremst er eit politisk spørsmål som rådmannen kan la vere å meine noko om. Men han har likevel eit råd å kome med.

– Eg tillet meg likevel å peike på at det må ligge eit stort alvor bak ein eventuell ny runde om kommunesamanslåing no, skriv Fure.

Rådmannen kan ikkje sjå at det i dag er grunnlag for å starte opp att noko utgreiingsarbeid med tanke på samanslåing med Eid og Stryn.

– Det er ikkje kome til noko nytt i saka. Skulle talet på kommunar i det som i dag er Sogn og Fjordane kome under ti, i tillegg til at fylket vårt også blir historie, er det ein ny situasjon, skriv Jan Kåre Fure.

Rådmannen trur det blir fleire høve til å ta opp att saka. Hans tilråding blir difor «å ta det med ro» med dette framlegget til vedtak: «Formannskapet tar Fylkesmannen si oppsummering, vurdering og tilråding om kommunereforma til orientering, men meiner at det i dag ikkje er grunnlag for å ta opp at drøftingane om ein felles kommune i midte og indre Nordfjord.»