Home   >   Nyhende   >   Er «Europas best bevarte veg»

Ein av dei ikoniske strekningane på den nyrusta Kongevegen, Vindhella mellom Husum og Borgund i Lærdal. (Foto: Statens Vegvesen)

Er «Europas best bevarte veg»

Det vart ikkje berre EU sin kulturminnepris 2017 for Kongevegen. Måndag vann attraksjonen over Filefjell også heidersprisen Grand Prix under den store Europa Nostra-tildelinga i Finland.

Det var kjent at den restaurerte Kongevegen over Filefjell var ein av prisvinnarane av EU-kommisjonen og Europa Nostra sin kulturminnepris for 2017. Prisane vart delt ut måndag i Turku i Finland.

Døme på arbeid som er gjort langs vegen. (Foto: Statens Vegvesen)


Heiderspris

Men overraskinga var stor då vegprosjektet også var plukka ut til å vinne ein av dei prestisjetunge Grand Prix-heidersprisane. I tillegg vart Kongsvegen nummer to i den stor Publikumpris-avstemminga.

– Dette er ei stor fjør i hatten for alle som har stått bak restaureringa av Kongevegen over Filefjell. Sidan 2009 har vi samarbeidd tett med de lokale kommunane, fylka og andre for å reetablere og revitalisere strekninga som ein kulturhistorisk vandrevei. Denne prisen er det mange som fortent eig ein aksje eller to i, seier direktør Bjørne Grimsrud i Statens vegvesen.

I verdensklasse
Statens vegvesen er byggherre for Kongevegen-prosjektet, men nominasjonen er eit fellesprosjekt med Oppland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Vang kommune og Lærdal kommune.

– Prisen og merksemda motiverer og stimulerer til framleis innsats. Samarbeidet rundt Kongevegen har vore og er framleis konstruktivt og godt. Saman har vi skapt et kulturprosjekt i verdsklasse, seier Grimsrud.

Handverkarar frå Nepal har bidratt både med arbeid og med kunnskap om korleis slike vegar vart bygde. (Foto: Statens Vegvesen)

«Av høgaste kvalitet»
– Dette kombinerte kultur- og landskapsprosjektet er av høgaste kvalitet. Det har hatt stort fokus på best mogleg praksis i gjennomføringa. Ved å invitere håndverkarar frå Nepal og Tyskland inn i prosjektet, har tradisjonelle handverk og teknikkar komme fram att og vert delt. Dette er gjenskaping av ei historisk rute og de gløymde spora undervegs. Dette styrker den lokale økonomien og motiverer lokalsamfunnet til å sette pris på og ta vare på kulturarven, heiter det i grunnngejvinga frå juryen.

29 prosjekt frå 18 land, og innan fleire klasser, fekk i år EU sin kulturminnepris under den stor kulturminnekongressen i Finland. Sju av desse fekk heidersprisen Grand Prix.

Bak prisane står Europa Nostra som er ein paraplyorganisasjon for europeiske kulturminneorganisasjonar, samt EU-kommisjonen som med programmet Creative Europe skal bidra til at den kulturelle sektoren skal auke bidraget sitt til vekst og arbeidsplassar.

Fylkesordførarane i Oppland og Sogn og Fjordane, Even Aleksander Hagen og Jenny Følling.

Audmjuke og stolte
At den nyrestaurerte ferdsleåra mellom Aust- og Vestlandet også vart stemt fram til andreplass i publikumskonkurransen, er ei stor anerkjenning.

– Det er kort og godt fantastisk at Kongevegen når opp i denne harde konkurransen. Vi er både audmjuke og stolte over utmerkingane, seier fylkesordførar Jenny Følling, som deltok på prisutdelinga.

Kulturarv som begeistrer
– Å vinne EU sin kulturminnepris er i seg sjølv ei stor bragd. Når vegen i tillegg får Grand Prix-prisen og kjem på andreplass i publikumsprisen, viser det at Kongevegen representerer kulturarv som begeistrer langt utover Norges grenser og konkurrerer i toppsjiktet blant europeiske kulturminne. Det er også ei stor anerkjenning av arbeidet som er lagt ned for å ta vare på og vise fram denne vegen, seier Følling.

Bjørne Grimsrud i Statens vegvesen tok imot prisane på vegne av Vegdirektøren. Seremonien fann stad i St. Michaels-katedralen i Turku i Finland, og presidenten i Europa Nostra, Placido Domingo, stod for overrekkinga.

(Foto: Statens Vegvesen)

Fakta: Kongevegen
• Kongevegen over Filefjell går frå Lærdalsøyri ved Sognefjorden via Filefjell og ned til Valdres.

• Undervegs får dei vandrande ei rekke vandre- og kulturopplevingar.

• Den 100 kilometer lange strekninga er ein del av den første køyrevegen mellom aust- og vestlandet, og vart laga for hest og kjerre på slutten av 1700-talet.

• Seinare har store delar av vegen vorte lagt om eller er grodd igjen og gått ut av bruk.

• I 2009 starta Statens vegvesen og fleire samarbeidspartnarar eit prosjekt for å reetablere vegstrekninga som ein kulturhistorisk vandreveg.

• Kongevegen vart opna av vegdirektør Terje Moe Gustavsen 27. august 2016.