– Tilsette frå Posten vil vere til stades dei første 14 dagane og bidra til opplæring. Det er tøft å bli kasta inn i så mykje nytt rett før jul, seier distriktssjef Lilly Erene Solheimslid. Annika Risholm tykkjer det er kjekt med nye utfordringar.

Posten på plass hos Extra

Skal du sende eller hente ein pakke på Sandane, må du frå no av oppsøkje Coop Ekstra.

Lilly Erene Solheimslid er distriktssjef for Post i butikk.

– Vi har hatt Post i butikk i Sandane Senter sidan postkontoret på Sandane vart lagt ned. Bakgrunnen for at vi no flyttar posttenestene frå senteret er at Bunnpris legg ned drifta. Det kom litt brått på oss, men vi har gjennomført ein lokal anbodskonkurranse og har fått Coop Extra som samarbeidspartnar, fortel ho.

Hektisk flytting

Flytteprosessen har vore hektisk. Måndag 16. november heldt posten stengt for å gjennomføre flyttinga. Tidleg tysdag morgon skulle alt vere klart.

– Vi har gjennomført ganske mange flyttingar, og er vane med slike prosessar. Diskane som vi skulle ha på plass i butikken til opninga klokka 07.00, kom ikkje før klokka 10.00. Alt gjekk såleis ikkje etter planen, men kundane forstod at ikkje alt var på plass. Vi fekk både levert ut og teke imot post og pakkar sjølv om det var ganske kaotisk rundt oss, fortel Solheimslid.

Les meir i papirutgåva fredag.