Slik ser arkitektane i Xform for seg eit nynorskhus i Førde. Dei kallar løysinga «Nynorskens skog». Utbyggjar: Fjordane Holding AS, O. Drage AS, Fjordvekst AS og Xform eiendom AS. Arkitekt: Xform AS. Illustrasjon: Xform AS.

Planar om «nynorsk fyrtårn» i Førde

Fem utbyggjarar har levert skisser til eit nytt fellesbygg for NRK, Sogn og Fjordane teater og Firda Media i Førde, skriv avisa Firda.


Målet er å samle kreative krefter som kan vere med på å skape vekst og utvikling i Førde, under same tak. Nynorsken skal vere fellesnemnaren og trumfkortet som skal gjere prosjektet til røyndom, skriv avisa.


– Vi ønskjer ikkje minst å byggje eit nasjonalt fyrtårn for det nynorske språket, som er pressa frå alle kantar av engelsk og bokmål, seier prosjektkoordinator Arve Sandal til avisa.


Prosjektet håper å finne ein utbyggjar som vil satse på dei tre føretaka som langsiktige leigetakarar. I tillegg er det aktuelt å få med ein del mindre kulturbedrifter.


Sandal orienterte torsdag formannskapet i Førde kommune om planane, og der var responsen på eit slikt «Nynorskens hus» høveleg god.


– Det er nesten som vi må applaudere! Eg ivrar for at dette må vi få til, sa ordførar Olve Grotle (H) i Førde.


Neste steg er å presentere prospekta for Firda-eigar Amedia og NRK sentralt. (©NPK)