Gullvinnar Vincent Førde etter premieutdelinga på Brandbu i ettermiddag. Foto: Nils Ove Roset.

Pangstart for glopparane

Thomas Mardal i diskos og Vincent Førde på 3000 meter hinder gjekk begge til topps under første dag av Junior-NM i friidrett på Brandbu.


Mardal kasta 55,83 meter, medan Førde vart klokka inn på den gode tida 9.20,31 minutt. For sistnemnde er resultatet ny personleg rekord.



Også fleire andre glopparar har vore i aksjon i dag.

Robert André Moldestad vart utslegen i kvalifiseringa på 100 meter etter å ha sprunge på 12,01 sekund i 1,6 sekundmeter motvind. Han var nummer 33 av 41 i klasse U20.



Ingrid Hjelle Roset vart nummer 13 på 400 meter i klasse U20 med tida 61,48 minutt. Eit godt stykke bak personleg rekord og årsbeste.



Lisa Selsvik tok ein flott 6 plass med 41,46 meter i slegge for kvinner klasse U20.

Vincent Førde etter at gullmedaljen var delt ut på Brandbu i ettermiddag. Foto: Nils Ove Roset.
Thomas Mardal på toppen av sigerspallen etter diskoskonkurransen. Her flankert av sølvvinnar Torkjell Bjørbekk frå Bodø (t.v.) og bronsevinar Mikael Andelic frå Sarpsborg. Foto: Nils Ove Roset.
Robert André Moldestad.
Ingrid Hjelle Roset.
Lisa Selsvik.
Thomas Mardal på toppen av sigerspallen etter diskoskonkurransen. Her flankert av sølvvinnar Torkjell Bjørbekk frå Bodø (t.v.) og bronsevinnar Mikael Andelic frå Sarpsborg. Alle foto: Nils Ove Roset.