– Eg har alltid vore glad i Hyen, men eg trudde ikkje at det skulle vere så fantastisk å bu her, seier Annette Langedal Holme. Laurdag prøvde ho kajakkpadling for første gong.

Padletur gav flott naturoppleving

– Kvifor har eg ikkje gjort dette før, smiler Annette Langedal Holme, sitjande i ein gul kajakk som ho har fått låne av Gloppen padleklubb. Det er friluftshelg i Hyen, og strålande flott vêr denne laurdagen.

Annette Langedal Holme hadde aldri padla kajakk før, men laurdag fekk ho sjansen då padleklubben stilte opp med fleire kajakkar under Friluftshelga i Hyen for at publikum skulle få prøve.

– Heilt fantastisk
– Når ein er ute med båt, er det alltid motordur. Når ein padlar i kajakk, er det heilt stilt. Det gjev ei litt anna naturoppleving. Dette var heilt fantastisk, seier 27-åringen frå Hyen.

Ho hadde med seg to søskenbarn på padleturen, Ingrid Holme Broberg (10) frå Florø og Julie Mikkelsen (14) frå Bergen.
– Det var gøy, men litt skummelt å ta for store tak med padleåra. Då vingla kajakken. Det gjekk fint, og så kosta det ikkje pengar heller, seier Ingrid.

Julie Mikkelsen likte også padleturen godt.
– Dette var både kjekt og spennande. Eg har aldri gjort det før, smiler ho.

Les reportasje frå Friluftshelga i Hyen i papiravisa tysdag.