Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   På veg til Kina for å gjere sjøtransporten meir miljøvennleg

Snart skal båt nummer to til Kina løftast om bord og bli transportert til Hong Kong. Det tek 35 dagar.

På veg til Kina for å gjere sjøtransporten meir miljøvennleg

Den første snøggbåten vart levert 15. desember. No følgjer søsterskipet etter. Begge skal gjere sitt for ein meir miljøvennleg passasjertransport i eit av verdas travlaste farvatn.

Dersom du klikkar deg inn på nettsida (www.marinetraffic.com) som viser skipstrafikken og zoomar inn på farvatna rundt Hong Kong, vil du raskt oppdage ein enorm aktivitet. Dersom du søkjer på Jin Zhu Hu, finn du båten som er bygd hos
Brødr. Aa i Hyen.

Miljø og økonomi

I over 34 knops fart, med plass til 270 passasjerar om bord, trafikkerer karbonfiber-katamaranen strekninga mellom millionbyane Hong Kong og Guang Zhou. Det har skipet gjort sidan 20. januar.

– Det har gått veldig bra, og det er svært positivt, seier dagleg leiar i Brødr. Aa, Tor Øyvin Aa. For snart er Kina-båt nummer to på veg. Årsaka til den kinesiske interessa for snøggbåtane frå Hyen er at dei er bygde i det superlette karbonfibermaterialet. Det gjer båten til ein lettvektar med driftskostnader som er så låge at konvensjonelle snøggbåtar ikkje kan konkurrere.

– Hovudårsaka til at kinesarane har kome til Hyen er driftsøkonomi og miljøomsyn, seier Tor Øyvin Aa. Berre i farvatna rundt Hong Kong er marknadspotensialet for Brødr. Aa sine båtar betydeleg.

Les meir i papirutgåva fredag.